Minneord om Sigmund Aarvik

Minneord om Sigmund Aarvik (1946 – 2024) Prest og misjonær Sigmund Aarvik reiste heim til Herren 4.juni, 78 år gammal, (eller ung som han sjølv helst sa det). Ein kjær ven, og mykje kunnskapsrik mann, med store kunnskapar i Dei heilage skriftene, vedkjenningsskrift, Luther-skrifter, kyrkjesoga, sjelesorg, språk, filosofi, ålmen soga og litteratur. Det bibelske Kristus-vitnemål var det som kjennemerka han, ved lov og evangelium. Sigmund var heile livet vestlending, med sterke innslag av å vera finnmarking. Han vaks opp på småbruket Saga i Årvik (Vikebygd) i Vindafjord kommune, kor han lærte mykje av mor og far om alle livsomkverve. Han flytta seinare til Karmøy i samband med skule og gymnas. Han vart student ved Fjellhaug Misjonsskole i 1966, og på Menighetsfakultet same år, og vart cand.theol i 1973 og misjonskandidat i 1971. Han hadde fleire studieopphald i USA og Tyskland, og tok mellom anna tok ein Master of Sacred Theology med Concordia Seminary, Fort Wayne, Indiana. Si tenesta som prest og misjonær kom til å verta på tre øyar – Taiwan, Karmøy og Vardø. Saman med familien reiste han ut til Taiwan i 1976, og var der i tilsaman to periodar. Kina og Taiwan kom alltid til å ha ein serskild plass i hjarta hans, meir enn ein kan skriva her, og han tala målet deira til han døydde. Sigmund hadde og eit spesielt sterkt høve til Karmøy og karmøybuane, kor han var prest frå 1981 til 1996. Han trivdes elles ekstra godt i forsvaret og som feltprest. I Vardø var han sokneprest frå 1996 til 2001, og det var her han busette seg også etter endt tenesta og budde her resten av livet. «Det er nu vel bra det!» Han meinte nemleg at det var ein god skikk at ein prest busette seg der han sist hadde hatt tenesta. Som prest og misjonær var det sermerkte med Sigmund at han hadde tileigna seg det beste frå både bedehus -og misjonsrørsla og frå konfesjonell lutherdom. Til dømes lærde han mykje av både Øyvind Andersen og Leiv Aalen, og det var inga motsetnad mellom å forkynna ordet om krossen og eit tydeleg skjøn av sakramenta. Om lag som ein finn det i Luther si vesle katekisme. Dette formidla han rikt om til alle han møtte, på litt ulike måtar. Mange sa om Sigmund at han var ein koseleg kar. Ein kan vera takksam for at nokre er so djuptenkte og samstundes kan koma so nær folk. Han sa so mange gode ord, so mange oppmuntringar og tenkte og brydde seg so mykje om andre. Var og ein stor humorist. Trøyst for folk i kriser og omsut for sjelene er det som folk helst kjem til å hugsa og minnast. Ein fekk med seg noko til eigen identitet og sjølvstende ved å vera i lag med Sigmund. Sigmund kunne seia at det var ikkje han sjølv som meistra livet, men at han hadde ein stor Meister. Gjennom heile livet arbeidde han for at folk måtte «komme opp i båten», og bergast for æva. Heile livet gjennom tala han om Jesus, og no skal han endeleg få sjå Han! Om Sigmund sjølv skulle nemnd eit salmevers som høver kunne det ha vore dette av Luther: Du være lovet, Jesus Krist, At menneske du blev for visst Og kommer som vår broder kjær; Ti gleder seg all himlens hær. Halleluja! Det er med takksemd og frelsesfrygd ein minnest Sigmund! Asgeir Stanghelle

Publiseringsdato 24.06.2024




Minneord

Minneord - Marian Eigeles

Lørdag 16. november sovnet teologen og lektoren Marian Eigeles stille inn på Sankthans-hjemmet i Oslo, 90 år gammel. Et mangslungent liv er endt - fra Romania til Israel og Norge. Oppveksten i Bukarest under krigen og ungdomsårene under kommunistenes regime formet Marians jødiske identitet. Som gutt lærte han hebraisk av en lokal rabbiner, og i 1951 søkte moren om utreise og emigrasjon til Israel. Men det tok syv år før kommunistene lot dem dra. I disse årene ble Marian kjent med Jesus-troende jøder, blant annet familien til Richard Wurmbrand. På reformasjonsdagen 31. oktober gav han sitt liv til Jesus og omtalte siden dagen som hans doble glede, med takk for evangeliets nåde og at han selv fikk del i den. I Bukarest begynte han også på matematikk-studiet på universitetet og fullførte det i Israel med mastergrad fra universitetet i Haifa. I denne israelske havnebyen ble Marian med i den rumensk-språklige menigheten der Magne Solheim var prest, og i fellesskap med unge Jesus-troende israelere ble interessen for bibelske studier og teologi vekket. I Haifa-menigheten møtte han også og giftet seg med Marta Øvstegård, sykepleier og menighetssøster, og i 1966 flyttet de til Norge. I Oslo tok Marian teologisk embetseksamen, pedagogisk seminar og bibliotekskolen og ble lektor i videregående skole. I kontakt med norske akademikere var han i alle år opptatt av og skrev om jøden Jesus, jødisk Jesus-forskning og sionismen, men bevarte interessen for matematikk og natur-vitenskapene. Med slektninger i Israel og USA, ble Øvstegård-slekten Marians norske familie. Han engasjerte seg i Ordet & Israel og Israelsmisjonen, hver fredag samlet Marta og Marian mange til sabbatsmåltid i sitt hjem, og de ble støttespillere i Gamlebyen menighet i Oslo. Etter at Marta døde i 2020 som ett av de første Covid-tilfellene i vårt land, har han vært omsluttet av mye omsorg fra beboerne på Simensbråten-Ekeberg seniorsenter. Når jeg møtte Marian, overså han ofte spørsmålet «Hvordan går det?» og begynte umiddelbart å omtale boken han da leste. Han var en typisk intellektuell, behersket et ti-talls språk og var humørfylt med en inderlig Jesus-tro. De siste månedene bad han stadig: «Jesus, ta meg hjem!» Nå er bønnen hørt, og vi lyser Guds fred over vår venns velsignede minne. Ole Chr M Kvarme, biskop em, og tidligere prest i Haifa og leder av Caspari Center i Jerusalem.