Magne Skjeldal til minne (02.04.1966–27.04.2024)
Med Magne Skjeldal sin brå bortgang, har vi mista ein trufast leiar i kyrkje og samfunn. Magne vart i ein alder av 36 valt inn som medlem i Bjørgvin bispedømeråd i 2002. Der var han nestleiar i fire år, før han tok over som leiar i seks år, fram til utgangen av 2011. Han var med dette også medlem av kyrkjemøtet for Den norske kyrkja.
Med si erfaring frå sokneråd, kyrkjeleg fellesråd, bondelag, idrettslag, kommunestyre og ulike kommunale utval, var han den rette personen til å leia Bjørgvin bispedømeråd. Dei mange stemmene han hadde bak seg frå sokneråda i bispedømet, var teikn på høg tillit.
Magne var ein god og trygg leiar og medarbeidar, sakleg, stødig og oppteken av å sjå det store biletet heller enn å køyra enkeltsaker. Han gleda seg over dei gode vedtaka og stod fast på dei vanskelege. Han var på alle vis jordnær. Samarbeidet var godt, anten det var med dei to biskopane som gjorde teneste i hans periode, staben på bispedømekontoret eller dei andre medlemene i bispedømerådet.
Som person opplevde vi han som venleg, interessert, nær og lyttande til dei han møtte. Vi saknar den lune leiaren.
Våre tankar går særleg til Rønnaug, borna og familien elles.
Vi lyser fred over Magne Skjeldal sitt minne.
For Bjørgvin bispedømeråd og biskop,
Oddny Miljeteig, bispedømerådsleiar og
Jan Ove Fjelltveit, stiftsdirektør
Publiseringsdato 13.05.2024