Minneord om Edvin Bolstad
Det er med sorg me har teke imot bodskapen om at Edvin Bolstad døydde 17.08.2023, 81 år gamal. Edvin vaks opp i Skjolden i Sogn, og som 17-18 åring tok han eit standpunkt for Jesus som sette retning for livet hans. Ein episode som seinare prega Edvin var i gravferda etter faren då ein sambygding kom bort til han og sa: «Me visste kva far din stod for, men han var ein av oss» Edvin fortalde at han tenkte, «sånn ynskjer eg å vera, ein som er tydeleg på kva eg står for, ute blant folk.» Edvin byrja å studera i Oslo i 1965. Der kom han inn i ei gruppe leia av Dagfinn Sæther som hadde starta Navigatørene i Norge. Dei møttes for å studera Guds Ord og gå ut på gata og dela evangeliet. Sjølv om Edvin følte han famla, var han likevel med ut. Og nettopp det kjennteikna Edvin, han var ein handlingens mann. Han var der menneske var og han handla på Guds Ord, det Ordet han las i kvar dag. Frå 1970- 75 jobba Edvin og kona Brit for Navigatørene i Trondheim, og saman med andre formidla dei evangeliet til studentar. Bøn var sentralt, og i løpet av desse åra kom eit par hundre til tru. Kravet frå Edvin til dei som ville vere med i arbeidet var tydelig; studèr Guds ord, og ver i kontakt med ikkje-truande. Edvin sa seinare om arbeidet i Navigatørene: «Plogspissen i arbeidet var veldig tydeleg – å leia folk til tru!» I perioden 75-85 var Edvin generalsekretær for Navigatørene i Norge. Navigatørene hadde då eit stort arbeid med fokus på disippelgjering og å nå ut med evangeliet. Edvin vart omtala som ein bauta og høvding og han var også spurt om å bidra internasjonalt i Navigatørene. Men Edvin kjente på eit anna kall; å vera i kontakt med menneske som ikkje trudde og han byrja derfor som lærar og vart det resten av sitt yrkesaktive liv. Mange kan vitna om endra liv fordi Edvin hjalp dei inn i eit liv med Jesus ved å vera ein mentor, medvandrar og venn. Edvin fortsette å setja spor etter seg heilt til det siste, han levde det han talte og torde å spørja «korleis har du det med Gud?» Og han utfordra oss til å stilla det same spørsmålet til dei me har rundt oss. Me lyser fred over Edvin sitt minne og takkar for det han gav oss. Olav Humlebrekke, dagleg leiar i Navigatørene
Publiseringsdato 22.08.2023
