Jørn H. Nielsen til minne
Det var med vemot eg mottok meldinga om at den danske venen min, Jørn H. Nielsen, er død. Han døydde 28. august i ein alder av 88 år. I dei seinare åra møtte han ein del helseutfordringar, og særleg sist sommar. No gjeld adresseendringa han minna oss på. Den nye adressa hans er: «Borte frå lekamen, heime hos Herren»! Eg var ein av dei mange som stod på e-postlista hans, og mottok meldingar nesten dagleg i fleire år. Jørn hadde «ein god penn», og viste til fulle han var ein mann av «det skrivne ord». I perioden han budde i Næstved fekk han spalteplass i bladet «Sjællandske». Elles fann ein ofte artiklar/innlegg i bladet «Evangelisten» signert JN. Jørn er også forfattar av fleire bøker og småhefte. Etter kvart som internett vart allemannseige, held han fram med å senda wordfilar til vener og kjenningar. Jørn kom lett i prat med folk han møtte på dei daglege vandreturane i nabolaget, vitna om trua si og var evangelisten med stor E. Ofte tok han seg tid til å gå på besøk til eldre og gjerne sjuke medvandrarar. I innboksen min kom det jamt eigenskrivne salmar og åndelege songar, gjerne skrivne til særskilde høve og situasjonar han kom opp i. Det gjennomgåande i det han skreiv var å forkynna Kristus, og få fram det personlege vitnemålet om trua si. Ofte refererte han til morfaren som leia han inn på Herrens veg i barne -og ungdomsåra. Seinare vart den danske forkynnaren Th. Mundus til stor hjelp for han. Dette førte til at han vart kjend med fleire forkynnarar frå Noreg, m.a. fleire knytte til bladet «Evangelisten». Jørn var handelsreisande for eit dansk føretak. På fritida tok han kontakt med vener. Eg minnest den smilande, impulsive mannen som kom, med det åndelege for auge og utfordrande spurde: «Har du fått noko frå Ordet i dag?» Slik kom samtalen med ein gong inn på det rette sporet. Første gongen eg møtte Jørn var sommaren 1980 på leirstaden Lyngmo i Hafslo. Det var på eit misjonsstemne. Jørn, Rolf og Erik Svindland og dessutan misjonæren Les Pederson frå USA var talarar. Bakgrunnen for dette stemnet var som følgjande: I 1959 drog Jørn til USA for å ta til på misjonsskulen til NTM (i dag Ethnos360) i Pennsylvania. På skulen vart han kjend med misjonærekteparet Les og Lorianne Pederson som for tida var på heimeopphald frå teneste i Portugal. I 1960 kom Jørn attende til Danmark, noko frustrert for ikkje å ha vorte ein «jungelmisjonær». Herren hadde andre planar for han. Ein sommardag i 1979 i Danmark møtte Jørn att Les Pederson, som då var på gjennomreise. Dei avtalte å satsa i lag på eit misjonsstemne i Noreg. Med dette var hovudtalaren «på plass» til stemnet sommaren 1980. Det underlege er at på stemnet vart det tend ein misjonseld, ein eld som seinare førte til at misjonsorganisasjonen Ethnos360 Noreg vart stifta, og ingen andre enn nettopp dansken Jørn brukte Herren som mellommann til dette. I Noreg var det i ein periode på 2000-talet heile 13 misjonærar knytt til organisasjonen Ethnos360 sitt arbeid. Misjonsstemna held fram for ein del i Danmark og særleg i Noreg med dei mange bibel- og misjonskonferansane kvar sommar, i over 40 år fram til no. Jørn stod sentralt i verksemda i Danmark. Kunnig som han var i språk (engelsk og tysk) vart han den sjølvskrivne tolken. Ein merka seg ein brennande misjonsmann som verka med iver, og med naud for dei mange som ingen hadde forkynt evangeliet for. Ein Herrens tenar har forlate oss. Eg ser attende, og tenkjer ikkje berre på det skrivne ordet frå pennen hans, men på ein mann som viste noko av kristendom i praksis. Tankane mine i går i dag til kona Solfrid og dei to døtrene med familiar. Ja, Jørn er ikkje her. Det gledeleg for dykk og alle Guds born, er at me kan helsa kvarandre med: «På gjensyn i Faderhuset hos Herren.» Egil Skjelbreid
Publiseringsdato 02.10.2025
