Minneord Kaare M. Bakke
Tidlegare prost i Midhordland, Kaare Martin Bakke, døydde 30. desember, 87 år gammal. I Bjørgvin bispedøme minnes vi med takksemd ein medvandrar som sette gode spor i teneste for kyrkja og misjonen. Kaare M. Bakke vart i januar 1993 innsett som sokneprest i Os og prost i Midhordland prosti. Før det hadde han vore sokneprest i Stranda på Sunnmøre. Han hadde også vore misjonær for Det norske misjonsselskap på Madagaskar i 16 år. I 2005 fekk han avskil frå embetet som prost i Bjørgvin då han gjekk av med pensjon. Kaare si teneste var Kristus-sentrert, og slik både himmelnær og jordnær, Gud til ære og menneske til gagn. Vi opplevde ein prest og prost som viste sterk motivasjon og tenestevilje, og som hadde evna til å sameine solid teologisk kompetanse med ei livsnær teneste. Slik vart han også eit førebilete og pastoralt ideal for sine medarbeidarar. Hans leiarskap var prega av tillit til dei han skulle leie i tenestefellesskapet, samstundes som ein aldri var i tvil om at han var deira leiar. Meir i gjerning enn i ord utførte han sitt leiarskap, både som prest og prost. For Bjørgvin biskop var Kaare ein lojal og trufast medarbeidar. Røynsla frå mange år som misjonsprest var viktig, og prega Kaare som menneske og prest. Han var ein god forkynnar, oppteken av å nå mye menneske med evangeliet, og bygge kyrkjelyd heime og ute. Han var tydeleg på at vi må gjere teneste i den samanhengen Gud har plassert oss i, og der vere medkultur og motkultur i kraft av evangeliet, anten vi er på Madagaskar eller Os. Bjørgvin biskop, Os kyrkjelyd og dei som hadde gleda av å arbeide saman med Kaare M. Bakke kjenner på stor takksemd for det han gav gjennom si teneste. Vi lyser Guds fred over minnet. Roar Strømme, tidlegare res.kap. i Os Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin
Publiseringsdato 07.01.2026