Else og Bjørn Midtbø feirar Gullbryllaup 50 år

11. august er det heile 50 år sidan Else og Bjørn Midtbø gifta seg på Eben Ezer i Lårdal. Fire barn og elleve barnebarn seinare er det tid for gullbryllaup. Det er nesten ikkje til å tru, for desse to ser langt i frå ut som 70-åringar der dei går på Lifjells mange toppar, i moltemyrane i Lårdal eller liggande på golvet med dei yngste barnebarna. Me er glade for at det var akkurat dykk to som sa ja tilbake i 1973. Kos dykk på nok ein bryllaupsdag! Helsing Ragni, Arne, Gro og Gjermund med familie.

Publiseringsdato 11.08.2023




Gratulasjon