Mennesker innlegg

Søkeresultat

Knut Gustav Oldeide: Ein pionér i DISM sitt arbeid

For nokre dagar sidan kom det melding om at Knut Gustav Oldeide døde 10. oktober vel 99 år gamal. Ein levande og varm misjonsmann. Knut var klår i tanken heilt til det siste. Han holdt seg orientert i det som skjedde i misjonsorganisasjonene og elles i samfunnet. Knut vaks opp på Oldeide på Bremangerlandet. Knut vart tilsett i Den indre Sjømannsmisjon tidleg i ungdomsåra. Han stod ved i kallet heile sitt yrkesliv. Han bekledde fleire viktige stillingar i misjonen. Det må kunne seiast at han var mellom dei siste som opplevde glanstida i DISM med reisesekretærar, fiskarheimar, Betelskip, fleire hotell, sekretærer i alle krinser, møteveker og større misjonsstemner. Han har fleire gonger fortald korleis det var å reise som evangelist dei første åra. Dårlege kommunikasjonar både på land og på sjø. Men bodskapen skulle fram. Ofte å gå lange vegar. Om vinteren i snøkav og storm på ski. Einar Berstad skildrar so godt emmisærlivet i boka si «Med kalosjar og koffert». Seinare var det forkynnar- og fiskarheimteneste. Knut var ei tid landsungdomssekretær. Dette var ei teneste som bestod i å bygge opp arbeide for barn og unge. På 1960-talet var det årvisst her i krinsen å ha påskemøter om bord i Elieser IV og vekselsvis Elieser V. Møtene starta opp i Molde onsdag før påske og avslutta 2. påskedag. Alle desse påsketurene hadde stor tilslutning, som regel fullsett båt og elles stor oppslutning frå bygdene skipet kom til. Det var tre møter kvar dag. Knut var, så langt eg kan hugse, med som talar på fleire av desse møta. Det er derifrå eg først kom i kontakt med Knut. Ein særs dyktig forkynnar, sosial og kom lett i kontakt med møtelyden. Seinare vart Knut tilsett som leiar på det store og nye hotellet i Svolvær. Her var det jamleg møteverksemd. Møta fanga opp mykje ungdom. Her vart det stifta ungdomslag og musikklag. Ved sida av det forretningsmessige var Knut aktiv med i alt som skjedde på hotellet. Eg har snakka med fleire som tok del i desse møta. Siste stillinga Knut hadde i misjonen var som direktør på Havly hotell i Ålesund. Knut var òg fritidsfiskar. Han gledde seg til når torsken gjorde sitt innsig til Borgundfjorden. Her var han aktiv saman med vener og familie. Knut ville ha blitt 100 år i f.k. januar. Også i dei seinare år kjende han på trongen etter å kome ut. Han fekk stendig gudsord som han ville ut og dele med andre. Knut var ein levande og varm broder i Herren. Han var livsglad og hadde mange telefonvener. Jau, Knut Gustav var ein person som sådde gode frø omkring seg. Vi som kjende han har berre gode minne. Signing og fred over Knut sitt minne Oddbjørn Pedersen