Hallgrim Berg 80 år

Hallgrim Berg vart fødd den 28. januar 1945, og veks opp i Ål i Hallingdal. Gift med tidlegare kultursjef i Ål, Maria Høgetveit Berg. To born, Borgar og Sigrun har vekse til, som høvesvis er høgsterettsdommar og professor i historie. Dessutan fire barnebarn. Jubilanten er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1972 med fagkrinsen statsvitskap, engelsk og historie. Personlegdom og flogvit Allsidig. Lun. Omsorgs- og samvitsfull. Artig. Humoristisk. Venekjær. Sterk. Meiningsberande og verdikonservativ. Kunnskapsrik. Arbeidslyst utover det vanlege. Nøktern og nøysam. Gåvmild. Skapa før gapa. Yte så nyte. Med dyrking av den rike arven som kulturskatten vår er. Dette er nokre av fleire karakteristikkar om jubilanten. Allsidig, ja: Stortingsrepresentant, næringsdrivande med forretning, lektor, dagleg leiar, dyktig friidrettsutøvar i yngre år, folkemusikar, kulturist, og dessutan svært mange verv i ulike samfunnslag. Dessutan ein interessert møtedeltakar på det lokale bedehuset «Evjens Minne» på Sundre i Ål sentrum. I heimbygda sine bakkar blide. Lokal, nasjonal og internasjonal Sidan gymnastida har Hallgrim vore politisk engasjert. Til saman sju periodar i Ål kommunestyre og Buskerud Fylkesting. Representant for Buskerud Høgre på Stortinget i perioden 1981–1997. Vararepresentant i to periodar, før og etter fast representasjon. Kulturpolitisk talsmann med sentral rolle i oppløysinga av kringkastingsmonopolet, og markert som «flyplassopponent» i maktspelet rundt Gardermoen. Internasjonalt møtte han i parlamentarikarforsamlinga i Europarådet i Strasbourg 1989–1997, der han i fem år var president i European Democrat Group. Jubilanten har mellom anna vore president i Nordmanns-Forbundet, og hatt mangeårige verv i Norsk Språkråd, Norsk kulturråd, Tubfrim, Kringkastingsrådet og Noregs Mållag med ålingen sin klangfulle nynorsk. Produktiv Lokalt er Hallgrim svært engasjert som skrivar i MIFF – Med Israel for Fred her i Hallingdal. Eit lag han har mykje av æra for at har så mange ivrige medlemar, og han engasjerer seg sterkt i meiningsutvekslingane i lokalavisa Hallingdølen, og arkivet syner at det har vore heile 457 publikasjonar om han! Berg er òg fast spaltist (Frispark) i avisa Dagen. Som forfattar har han gjeve ut mange biblio- og diskografiar. Fleire bestseljarar med så vidt ulike tema som Olav Thon, islam, demokrati, humor og rakfisk. Som kulturist dyrkar han språk, historie og folkemusikk. Han har gjeve ut fleire CD-ar med tradisjonelt slåttespel på seljefløyte og munnharpe, attåt techno-suksessen Ari Thunda & Hal Berg. Høg fane og klåre meiningar Ein kan vera samd eller usamd med Hallgrim, men ingen kan ta frå han hans mot; Vågemot og meiningar sitt mot! Tru på sak og store engasjement. Respekt for kvarandre sine meiningar, og at dette vert tolt i det frie, demokratiske spelerommet. Dette òg med perspektiv i eit samfunn der fleire kvir seg for å stå fram med sine meiningar, og heller gøymer seg bakom ei dør. Ytrings-, trykke- og forsamlingsfridomen står sterkt i Berg sitt grunnsyn. Som tuntreet til Jørgen Moe ved Krøderen: Det kan ule og knake i stamma. Men han fell ikkje. Jubilanten møter gjerne «motmennene» med eit ope visir! Jubilanten veit kva som gjev næring: Kampen for fedrelandet, heimbøen og dei sanne kristne grunnverdiane! Hallgrim smyg seg ikkje unna og tvik ikkje, men tek eit standpunkt og gjer sin dåd! Ein verdig jubilant Jubilanten syner seg òg som ein god kokk. Laurdag 18. januar vart underteikna servert rakfisk i den trivelege heimen hans. Høgtidsmat rik på både smak og tradisjon! I det frie demokratiet sitt namn, er det mange av oss som sender våre aller varmaste gratulasjonar på 80 års dagen din: Vent vil den same sola stå opp der framfor tinden i søraust. Ho varme vil so blad og blom. Skyt knopp. Slik lik din 80-årsdag verta rik og raus! Tore Arnegard Ål i Hallingdal

Publiseringsdato 28.01.2025




Gratulasjon

Kjell Marton Sønstabø 80 år

I dag laurdag 29. mars fyller tidlegare generalsekretær Kjell Marton Sønstabø 80. Dagen blir feira med familie og nære venner i huset som i alle år har vore hans ankerfeste, Meling bedehus. Kjell vaks opp i ein god heim med foreldre og to søstrer. Det vil seia mor hans døyde tidleg i barneåra. Kjell tok eit kristent standpunkt i ungdomsåra. Vegen gjekk til Bibelskulen i Bergen og forkynnarkallet vaks fram. Heile livet blei i misjonsteneste i ulike samanhengar. To organisasjonar nytte mest godt av hans teneste, Indremisjonsforbundet og Den indre Sjømannsmisjon. Indremisjonsselskapet fekk «låna» han nokre år. I ImF har han hatt fleire viktige stillingar. Finnmark har ein særleg plass i Kjell sitt hjarta. Han var i unge år stasjonsarbeidar i Kirkenes, og seinare finnmarkssekretær ved hovudkontoret. Kjell var deretter leiar for ImF sitt eldrearbeid. Alle stader utførte han tenesta med stor truskap. Frå barneåra hadde han med seg ein arv frå Den indre Sjømannsmisjon der mora var trufast foreiningsmedlem til ho døyde så altfor tidleg. Organisasjonen greidde å kalla Kjell først til misjonssekretær og deretter til generalsekretær. Utan tvil løfta han også dette arbeidet i ei vanskeleg tid. Skulle vi trekka fram eit særmerke for Kjell, i tillegg til hans solide forkynnargåve, må det vera hans evne til å bygga opp eit stort kontaktnett. Det er mange som gjennom åra har fått helsing og telefon frå Kjell med oppmuntring og gode ord. Det kan ikkje seiast mykje om Kjell utan å nemna kona hans, Else Kari frå Kristiansund. Trufast har ho stått ved sida hans. Etter tida i Bergen flytta dei heim til Bremnes og hans barndomsheim, og i seinare år – etter at helsa hans skranta – flytta dei i leilegheit. Kjell har i desse åra vore trufast bedehusmann både med å tala og fått i stand møte i tillegg til dei faste bønnemøta. Utan Kjell ville nok bedehusdøra på Meling vore meir låst enn godt er. At dagen hans blir feira her, er veldig naturleg. Kjære Kjell og Else Kari. Eg er viss på at mange står med i dag. Guds signing over dagen, og takk for trufast misjonsteneste gjennom eit langt liv. Karl Johan Hallaråker