Astrid G. Varhaug 80 år

Gratulerer med stor dag til vår kjære mor, svigermor, mormor, farmor og oldemor. Endeleg er det du som skal feirast. Me gler oss til fellesskap, hyggje og god mat på Lerbrekk skule på dagen din. Fullt hus med dei nærmaste dine til stade. Me er takknemlige for den du er og den du alltid har vore for oss. Tålmodig, mild og god mor på alle måtar. Du er den som alltid er der. Diskar opp og får gjort det som må gjerast. Me er umåteleg glade i deg, frå eldst til yngst, fjern og nær. Me ynsker alt godt for dagen og feiringa, og gler oss til å vera samla igjen. Gode ynskjer frå Karin, Signe, Anne, Aud Torunn, Arvid og Svein Arild med familier. Og frå far (Sigbjørn) - han vil jo og gjerne senda gode ynskjer for dagen din!

Publiseringsdato 02.12.2025




Gratulasjon