Ole Abel Sveen 90 år
12. april fyller Ole Abel Sveen 90 år. Er han ikkje eldre? Han har jo vore ein legende i fleire mannsaldrar. Er den unge mannen verkeleg så gamal? Undringane er nok fleire. Faktum er altså at det nye tiåret startar førstkomande søndag. Ole Abel vaks opp i Sveio med foreldre og den yngre broren Halvard. Hans livshistorie er nær knytt til indremisjonen på Vestlandet. Hans tidlege arbeidsplass var Eliesar og Indre Sjø. Men livsløpet er først og fremst knytt til Det Vestlandske Indremisjonsforbund, DVI, nå Indremisjonsforbundet, ImF. Han var både ungdomsarbeidar og ungdomssekretær i heimekrinsen, Indremisjonssamskipnaden, bysekretær i Molde, Bergens Indremisjon og kom så til DVI sentralt som landsungdomssekretær. Stillinga hadde han til han ikkje uventa i 1978 blei kalla til DVI leiar som generalsekretær. Denne stillinga hadde han til sommaren 1996 då han valde å gå tilbake til Bergens Indremisjon. Her var han bysekretær til pensjonsalderen kom. Ole Abel har alltid vore ein skatta forkynnar i bedehusland. Ved sida av hans bibelsentrerte forkynning har han vore - eller rettare framleis er – ein skatta songar og ved pianoet. Ole Abel har på det musikalske området ikkje berre eit stort naturtalent, men ei tydeleg nådegåve gjennom si songformidling. Dei siste åra har også den takksame tilhøyrarskaren blitt utvida når ein høyrer han syngja i Bedehuskanalen. Mange vil hugsa Ole Abel som sentral forkynnar. Vi som har lært han å kjenna som medarbeidar, kjenner han også som respektfull leiar og solid bibellærar. Ole Abel har også alltid vore ein trufast israelsvenn. Hans helsingsord er alltid Shalom. Ole Abel har aldri vore oppteken av seg sjølv. Desto meir er det ei gleda å helsa han ved dette store jubileet, og takka for hans store teneste i Guds rike og bedehusland. Ole Abel har både blitt heidra med Norges Vels medalje og HM Kongens fortenestmedalje i gull. Ole Abel Sveen bur i Bergen med si kjære Reidun. Som yrkeskvinne og sjukepleiar har ho alltid med si diakonale nådegåve vore ei trufast støtte for han. Dei har fire born, svigerborn og mange etterkomarar. Indremisjonsfamilien står med stor takk til Ole Abel Sveen. Han er den verkelege bedehushøvdingen i vår tid. Gratulerer med dagen! Karl Johan Hallaråker
Publiseringsdato 10.04.2026