Synneve Kjøde 100 år
For mange kan høg alder vere tung å bære, men åra ser ikkje ut til å tynge Synneve Kjøde mykje. 27. juni rundar ho 100 år, og venner som stadig besøker henne på Spjelkavik omsorgsenter blir slått av hennar lyse og positive livsinnstilling. Det er ei innstilling som har følgt henne sidan barndommen, då ho hadde Myklebust som etternamn. Den tida minnest ho framleis godt. Synneve blei fødd i Ørsta som eldste jente i ein stor søskenflokk. Det gav tidleg ansvarskjensle. Slekta hennar hadde djupe røter i den åndelege fornyinga i Ørsta/Volda på 1800-talet. I 1947 gifta ho seg med Gunnar frå Spjelkavik. Synneve tok dei tyngste taka i heimen med ein mann som var på reise. Ho blei i lange periodar i realiteten eineansvarleg for oppseding av borna. Ei lyttande mor som alltid var tilgjengeleg. Frå tenåra tok ho på seg offentlege songoppdrag, mest rundt om på møte og stemne, men i ein periode også i «andaktskvartetten» på NRK, med direkte innspeling av songar i studio i Ålesund for morgonandakten på rikskanalen. Sjølv ved 100-årsmerket kjem sangfuglen gjerne fram i henne. Ein solid sopran. 1962-70 budde familien i Bergen. Der sat Synneve i bystyret i tre år, eitt av dei også i formannskapet. Ho heldt fram med politisk arbeid då dei kom tilbake til Ålesund, som styremedlem både i Ålesund og Møre og Romsdal KrF. Attende på Sunnmøre var ho aktivt med i Spjelkavik Indremisjon, der ho trufast tente forsamlinga frå pianokrakken. Og ikkje minst song ho solo til oppbygging og glede for tilhøyrarane. Det heldt ho på med til mangt opp i alderdomen. Ho var også aktivt med i Bedehusforeninga, ei foreining som samlast til felles oppbygging. Dei førebudde dei årlege haustbsarane til inntekt for utstyr til Spjelkavik Bedehus. Ho tok del i dei praktiske opgåvene, til dømes ved dei månadlege føremiddagstreffa. Både Synneve og Gunnar følgde tradisjonen om gudsteneste søndag føremiddag og bedehusmøter om kvelden. Når ektemannen var på talaroppdrag ein eller annan stad på Sunnmøre eller elles i landet, gjekk Synnøve trufast på lette steg til kyrkja og bedehuset. Synneve arbeidde mykje i det nyoppretta gravferdsbyrået til Indremisjonen på Sunnmøre til godt inn i pensjonsalder. Etterslekta hennar tel no fire born pluss svigerborn, 9 barneborn og 17 oldeborn. Ho bur i eit godt fellesskap på Spjelkavik omsorgssenter og er prega av det som alltid har vore viktigast for henne, ei trygg kristen tru og eit liv i takksemd. Også mange andre vil gratulere henne med 100-årsdagen.
Publiseringsdato 26.06.2025
