Minneord Steinar Supphellen
Minneord Steinar Supphellen Steinar Supphellen døyde 1. mai, nær 84 år gamal. Det er skrive fleire både gode og sanne minneord om Steinar Supphellen som kollega, undervisar og forskar innan historiefeltet. Her skal det seiast litt om det livslange engasjement hans for kristne friskular. Det starta i studietida i Oslo. Her vart han timelærar på Kristelig Gymnasium (KG ) der friskulemannen, Hans Bovim, var rektor. Vegen vart såleis kort til å engasjera seg i den store kristendomsaksjonen i 1965. Steinar Supphellen vart sekretær for ein aksjon som samla inn 762 614 underskrifter for å halda på det same timetalet i kristendomskunnskap på det nye ungdomstrinnet slik det hadde vore i folkeskulen fram til då. Dette er den største underskriftaksjonen som har vore i landet vårt. Men timar i eit fag er ei sak, viktigare er kanskje innhaldet i timane. Dette var aksjonistane særs opptekne av og difor gjekk det ei direkte line for Steinar Supphellen over til den komitéen som planla Norsk Lærerakademi (NLA). Denne institusjonen var tiltenkt å arbeida med innhaldet i kristendomsfaget. NLA vart formelt oppretta i 1966 og starta undervisninga i Bergen i 1968. Steinar Supphellen sat i styret utover på 1970 talet og var ein ivrig talsperson for NLA etter at han flytta til Trondheim i 1967. Etter at Privatskulelova kom i 1970 opna det seg rom for å starta nye friskular, og i Trøndelag vart det tidleg snakka om eit nytt KG med dei same eigarane som i Oslo. Her vart Steinar Supphellen trekt inn til å leia eit fellesutval mellom kristne organisasjonar for å planleggja denne friskulen. Det vart eit krevjande arbeid med mange utfordringar fram til etablering av eit interimsstyre i 1977 og så byggjeperiode og oppstart av skulen i 1980. Steinar Supphellen var her styreleiar fram til 1984. Etter at Kristen videregående skole Trøndelag (KVT) var komen vel i gang gjekk Steinar Supphellen inn i eit nytt styreengasjement (1984 – 1991), denne gongen ved Dronning Mauds Minne høgskole for barnehaglærereutdanning (DMMH). Her fekk han bruka av si rike universitetserfaring inn mot dei mange utfordringane ved ein liten privat høgskule. I denne perioden kom det opp ønskje og planar om å starta ein kristen vidaregåande skule i Nordland med studiestad på Nesna (KVN). Også her hadde den erfarne skulemannen Steinar Supphellen ein finger med i spelet og skulen vart etablert i 1991. Frå 1999 gjekk engasjementet tilbake til kristen vidaregåande skule. Denne gongen til Øya. Han var styremedlem 1999 – 2005, dei tre siste åra som styreleiar. Dette var ein avgjerande periode for Øya, der skulen gjekk frå lavt elevtal og svake resultat til auka elevgrunnlag og betra økonomi. Kristne friskular vert som oftast etablert av kristne organisasjonar. For Steinar Supphellen var det hans engasjement først i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (NKSS) og vidare i Normisjon som førte han inn i dei nemnde skuleprosjekta. Slik fekk han ta ut noko av sitt livslange kristne engasjement gjennom konkrete byggjande tiltak. Han såg kor viktig det var å ha ein basis å orientera seg ut frå. Denne fann han i dei lutherske ideala; Trua, Nåden, Skrifta åleine. Som kristen skule er det difor viktig å vita kvifor ein er til. Steinar Supphellen vert omtala som ein varm, dyktig, raus og inspirerande leiar. Profesjonell, med eit glimt i auga. Mange er takksame for at han bruka så mykje fritid og krefter på kristne friskular gjennom mange år, ein vedvarande kamp for trus- og åndsfridom i landet vårt. Vi tenkjer no på Karin som sit att i saknad etter ein kjær mann. Ho har delt hans engasjement for dei kristne friskulane, og var sjølv pådrivar for etableringa av NLA Lærarhøgskulen som styreleiar for NLA i 1993. Det er vi takksame for. Vi lyser fred over heidersmannen, Steinar Supphellen sitt gode minne. Sigbjørn Sødal Bjarne Kvam
Publiseringsdato 26.05.2023
