Hans Kristoffer Goa 85 år
Laurdag 4. mars fyller Hans Kristoffer Goa, Tananger, 85 år. Hans Kristoffer er fødd i Randaberg, og her vaks han opp saman med 2 søsken. Etter handelsskole og bibelskole tok han i 1960 til som ungdomssekretær i Vestfold krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Dei første 20 åra var han vekselvis i Vestfold og Skien krins. I Skien var han krinssekretær frå 1965-74 og i Vestfold hadde han samme stilling frå 74-80. I 1980 flytta han til Kristiansand. Her var han først innsamlingsleiar for Gimlekollen mediesenter i eitt år. Deretter var han krinssekretær i Agder fram til 1990. Så vart det 7 aktive år i Norea mediemisjon som produserer og sender evangeliske program i fleire medier både i inn- og utland. Goa hadde då ei stilling som medførte mykje reising til fleire land, både i Asia, Afrika og Sør-Amerika. I 1997 tok han til som økonomikonsulent i Misjonsambandet med særleg ansvar for dødsbo og testamenter. Denne stillinga hadde han til han var 67 år. I 45 år var han altså tilsett i teneste for Misjonsambandet og Norea, og som pensjonist har han fortsatt vore aktiv på mange område. I 1998 flytta han og kona til Rogaland og busette seg i Sola kommune. Her bur dei framleis. I 1961 gifta Hans Kristoffer seg med Solveig, f. Risa, frå Tananger. Solveig har vore ei god støtte for han i arbeidet. Heimen har alltid vore prega av gjestfrihet. Dei fekk tre barn. Og familien har auka, slik at dei nå også har tre svigersønner, 8 barnebarn og eitt oldebarn. Hans Kristoffer er ein rikt utrusta person. Han er forkynnar, og han blei brukt, ikkje berre på bedehusa, men også i NRK. Her blei han i fleire år brukt til å ha morgenandakter. Som songar blei han også til stor velsigning for mange. Han hadde ei songstemme som gledde tilhøyrarane i mange ulike høve. Han deltok med solosong og i duettsong, både i større og mindre forsamlingar. Ofte vart han også brukt som songar i gravferder. Han har evne til å formidle den glade bodskapen, også gjennom det skrivne ord. Han har formidla stoff frå kristenliv og misjonliv, både gjennom tekst og foto. Dette har kome til nytte gjennom heile hans teneste og har inspirert mange lesarar. Framleis har han fast spalteplass i Sola-bladet. Hans Kristoffer var aktivt med då foreninga Trygve Bjerkreims venner vart stifta i 2005. Han var den første formannen i denne foreininga, eit tillitsverv han hadde i fleire år. Denne foreininga har som føremål å føra vidare arven etter denne kjende songforfattaren. I pensjonist-alderen hadde Hans Kristoffer mange Trygve Bjerkreim-kveldar. I desse kveldane fortalde Goa om Trygve Bjerkreim sitt liv, og kjende og kjære songar vart løfta fram til inspirasjon for mange menneske i kyrkjer og bedehus. Solveig var då ofte med og les dikt av Bjerkreim. Som pensjonist har Hans Kristoffer også vore aktivt med i det lokale misjonsarbeidet, både i Sola sentrum og i Tananger. Hans Kristoffer er eit ja-menneske som har tatt på seg mange oppgåver opp gjennom livet, og han har formidla misjonsglød og vore til inspirasjon for mange. Nå vil vi gjerne gratulere Hans Kristoffer med 85-års dagen og takke han for alt han bidratt med gjennom eit langt liv!
Publiseringsdato 03.03.2023
