Minneord om Jan Herland
Jan Herland sovna stille inn på Haukeland sjukehus 26. april etter ein sjukdomsperiode. Jan var fødd 29. juni 1946 Vestby i Austfold av foreldre Ellen og Johan Herland. Herlandsslekta er frå Vestfold. Seinare kjøpte faren ein forretning i Askim og dei flytte dit. Det vart i ikkje forretningslivet for Jan. Etter vidaregåande reiste han til universitet i Oslo, der han studerte historie, tysk og kristendom. Han var ein dyktig musikkar og songar og vart med i songkoret Jubilo i Oslo. På denne tida vart han kjend med Berit, fødd Alme som gjekk på Stabekk, der ho tok eksamen som kosthaldsøkonom. Dei vart gift i Hafslo kyrkje i mai 1979. Berit hadde då fått arbeid som kokk ved helsetunet i Balestrand og dei flytte dit. Etter kort tid fekk Jan jobb som kyrkjelydssekretær. I jobben fylgde med at han skulle ha andakt på helsetunet og skulle besøka dei eldre rundt om i kommunen. Jan var glad i menneske, han var ofte ute på besøk og var ganske godt kjend med folket rundt om i dei fleste grendene. Han gjorde også teneste som organist. I tida mellom presteskifte i kommunen vart han tilsett som prestevikar. Han vart og brukt som vikarlærar ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand der han seinare fekk fast stilling til han gjekk av med pensjon. Gravferdsdagen 6. mai var Tjugum kyrkje nær fullsett av vener, slekt og bygdefolk som ville ta avskil med ein heidersmann. Det vart lagt fleire blomehelsingar på båra med takk for godt samarbeid både i kyrkja og på bedehuset. Han var ein lyttande person som var lett å samarbeida med. På minnestunda i Bedehuset var det fleire som hadde ordet og tok fram frå sitt samarbeid med Jan. I andakta til slutt vart det minna om mottoet frå dødsannonsa: Alt av nåde. Me kan ingen ting gjera til vår frelse og vandring. Alt er av ufortent nåde om me skal nå heim til himmelen Jan etterlet seg kona, to søner, to svigerdøtre og tre barnebarn. Gud signe Jan sitt gode minne. Så er den venen ikkje mist, som sovna inn i Jesus Krist. Anders Alme
Publiseringsdato 07.06.2022
