Berit Madland 90 år

28. mai 2022 fyller Berit Madland, Ålgård, 90 år. Berit og to søstre vaks opp på Ytre Lima i Gjesdal. Ho fekk Solborg Folkehøgskule og Sømme husmorskule som utrustning til å vera husfrue på den flotte garden langs Limavatnet. Hit kom ungguten Sigurd Madland frå Ålgård som gardsdreng 14 år gamal. Dei gjekk saman på folkeskulen på Vaulabrunå, og vidare på framhaldsskulen. Sigurd vann både prinsessa og heile «kongeriket». Berit og Sigurd fekk sjå ein barneflokk på seks veksa opp her, fire gutar og to jenter. Deira vener og kameratar fekk alltid kjenna seg velkomne på Lima. Etter fotball og leik var appetitten på topp då Berit raust baud til bords, og det var alltid plass til ein til rundt bordet. Song og musikk har prega familien gjennom åra. Kyrkje og bedehus var sentrale punkt. Berit var aktiv i misjonsforeining, både Den yngre og Den eldre for Det norske misjonsselskap, heilt fram til Den eldre fôreininga nyleg gjekk inn. Ein av sønene har gjort teneste for NMS i Kamerun, og ei svigerinne i Japan. Sorga banka på då Sigurd døydde i 2013, og eldste dotter Reidun i 2006 og hennar ektefelle i 2002. Etter 84 år på Lima flytte Berit for fire år sidan inn i nybygd leilighet vegg i vegg med sonen Bjarte på Ålgård. Storfamilien samlast til feiring i kaféen i Ålgård kyrkje på sjølve dagen. Det vart etter kvart 18 barnebarn og 13 oldebarn. 26. mai mellom kl 14.00 og 18.00 vert det feiring med ope hus hos dottera Ellen og familien i Blåklokkevegen 8 på Ålgård.

Publiseringsdato 19.05.2022




Gratulasjon